Handlekurv
Rabatt:
0,00 NOK
Hos meg kan du bestille heilt personlege produkt, til deg eller ein venn! Men kva valg har du?


Har du planen klar, bestill personleg produkt her! Om du enda er usikker, sjå under kva eg kan lage!
Eg kan designe heilt personlege FunnyFjordingar etter ditt ynskje. Desse kan du få på tekstil, men du kan velge mellom 3 forskjellige trykkmetodar:

Folie
FunnyFjording i tekstilfolie er prosessen som tek kortast tid. Denne typen trykk held godt, men heile motivet blir i en farge, og blir i linjer slik som på bildet. Du kan velje mellom nesten alle fargar du kan tenkje deg. Inkludert artige fargar med glitter, neon, shimmer, holografisk, og refleks. Tekst er valfritt.
Ta kontakt på e-post eller instagram DM for spørsmål.
Fjording motivet blir personalisert til det du vil, men her er detaljar redusert.
Har du jakke/t-skjorte/genser du vil trykke på, så kan vi trykke på det så lenge det ikkje er fleece eller yttertøy.
Pris for design og trykk er kr 400,- (ekskludert klesplagg)
T-skjorte kr 150,-
Hettegenser/genser kr 200,-
Hettejakke kr 300,-
Digitalt trykk
Digitalt trykk er som trykk du får på t-skjorte i butikken, og skal holde like godt. Motivet blir teikna digitalt etter dine personlege ynskjer. Her kan motivet vere svært detaljert, og i dei fargane du måtte ynskje.
Viss motivet blir stort og veldig heildekkande, kan plagget miste litt stretch akkurat der motivet er trykt.
Ein kan vaske plagget som vaskeanlegninga seier, men eg vil anbefale å vrenge plagget, for å ta best vare på motivet og at det varer lengst mogleg.
Har du jakke/t-skjorte/genser du vil trykke på, så kan vi trykke på det, så lenge det ikkje er fleece eller yttertøy.
Pris kr 1000,- for design (uten jakke/genser/t-skjorte)
T-skjorte kr 150,-
Hettegenser/genser kr 200,-
Hettejakke kr 300,-


Handmala
Det går ann å få handmala FunnyFjording kle, dette tar litt lenger tid, og kan derfor ikkje bestillast på kort varsel.
Motivet kan vere akkurat som du ønsker her også, og kan vere nesten like detaljert som digitalt trykk.
Handmala motiv er maling, og vil alltid vere skjørare enn alt anna. Blir plagget brukt mykje og vaska hardt, så vil det forsvinne meir og meir med tida. Eg vil anbefale å vaske handmala produkt på vranga, gjerne på finvask! For å ta aller best vare på handmala produkt, prøv å vaske så lite som mogeleg i maskin, heng til lufting om mogleg. :)
Pris kr 1000,- for 1 fjording + eventuelt objekt. (eks. jakke/genser/t-skjorte)
Kr 1500,- for 2-5 fjordingar + eventuelt objekt. (eks. jakke/genser/t-skjorte)
T-skjorte kr 150,-
Hettegenser/genser kr 200,-
Hettejakke kr 300,-
Andre tjenestar kan bestillast. Ta kontakt med spørsmål!



Kort
Treng du noko å gje ein kollega som skal slutte, lærar på avslutning, gåve til jubilantar, eller noko heilt anna?
Personlege kort/bilder kan bestillast på e-post. Eg kan male bilder i akvarell i størrelse A5, A4 og A3.
Om du har ein klar plan, så forteljer du alle detaljar eg skal ha med! Og er du ikkje heilt sikker, fortell om personens interesser, klesstil, fargar, typiske bevegelsar, eller tilbehør som er vanleg for personen. Alle kan bli FunnyFjording!
A5 Kr 250,-
A4 Kr 400,-
A3 Kr 800,-

Ikkje FunnyFjording?
Vil du ha realistiske motiv på kle?
Pris varierar alt etter kva motiv du ønskjer, men startpris er på kr 1000,- (eks. genser/jakke/t-skjorte)
T-skjorte kr 150,-
Hettegenser/genser kr 200,-
Hettejakke kr 300,-
Portrett av kjæledyr
Vil du ha ein pelsvenn foreviga?
Dette er tidkrevande og startpris på A4 er kr 2000,-
Referansebilde må vere eit klart bilde i god kvalitet. Dette blir teikna for hand med blyant, utan bakgrunn.
Har du ein idè? Eg er open for nye spennande idèar og prosjekt! Ta kontakt, så ser vi om eg er rette personen og kva som er mogleg!