FunnyFjording

FunnyFjording er ein teikneserie der folk blir teikna som fjordhest - Norges Nasjonalhest.

Korleis blei FunnyFjording til?

FunnyFjording starta i 2020 rundt farsdag. Min farfar, som alltid har drive med avl på Fjordhesten og laksefiske i elva vår, skulle få kort til farsdagen. Sidan eg alltid har teikna, måla og generelt vore kreativ, så blei det naturleg nok min jobb å fikse. Kortet blei då ei teikning av ein fjordhest som smilte og holdt ei fiskestang med laks på. Og vipps så var FunnyFjording fødd. Eg seier alltid at FunnyFjording starta med farfar, for det gjorde jo det, men min morfar blei også FunnyFjording den dagen, som løyste kryssord!

FunnyFjording starta altså med karikatur av mine to bestefedre, og det synst eg er ganske stas.


Fjordingane gjekk frå å vere nesten nakne....

...til å få nokre klesplagg..

...til heile antrekk med mykje detaljar ein kan kjenne igjen!

Klassebilete

I 2022 når kullet mitt var ferdig på ungdomsskulen, så fekk eg ein glimrande idè å teikne klassebildet vårt som FunnyFjording. Dette var første bildet i A3 med kjempe mange fjordingar og detaljar. Heldigvis vart det godt tatt imot.

Tekstil

Etter å ha teikna FunnyFjording på papir i 2 år ville eg opne for noko nytt. Eg har alltid hatt ein draum om å bære kunsten min ha den med over alt i verda slik alle kunne sjå! 

Hokkus pokkus så var første FunnyFjording jakka malt! Og eg starta sterkt med heile 11 fjordingar på ryggen!

08.08.2024
Blei FunnyFjording Registrert Varemerke, det var ein stor draum i oppfyllelse!