Handlekurv
Rabatt:
0,00 NOK
Her får du bli kjend med meg, Agate!
Eg er oppvaksen på gard, og har hatt fjordhesten rundt meg frå dag ein. Det har naturlegvis gjort at eg er, og alltid vil, vere hestejente. Heile livet har fjordhesten vore sentral del av kvardagen min, og vore rett utanfor døra når eg trengte ein varm pelskos.
I 2017, då var eg 11 år, vart min nye bestevenn fødd! Fjellfryd var min første fjordhest som eg fekk forme heilt frå starten, heilt sjølv. Det betyr at ho har ein ekstra spesiell plass i hjartet mitt, og vi har tilbragt evig mange timar i lag. Heilt til 2020.
Bestevennar sidan dag en.
Beina våre har vokse likt heile veien!
Trente i lag etter skulen kvar dag!
Hausten 2019 blei eg skikkelig sjuk med influensa. Etter det blei ikkje alt det same igjen. Då korona viruset kom og stengte ned heile Norge i mars, så var det heilt greit for meg. Eg var i mitt første år på ungdomsskule, og synst det var slitsomt, då eg aldri følte eg blei heilt frisk frå den influensaen. Det var deilig med koronaskule, det vil seie: Vere med på digitalt møte med lærar på morgenen, få gjort alt skulearbeid som skulle gjerast i en fei- og komme seg ut og trene hest. Det var det den nye kvardagen gjekk i, og eg fekk en pause frå den vanlege livet.
Noko skurrar, eg har alltid kunne gjort kva eg ville med hestane utan bekymringar og gå dit eg ville. Plutselig var det noko som sa eg ikkje kunne det lenger. Det var ein rar følelse som gjorde meg usikker og gjorde at eg gjekk ikkje langt frå garden aleine. Eg hadde nokre "anfall" som vi kalte det, der eg blei kjempe svimmel og følte eg mista heile omverda. Dette gjorde meg naturlegvis engstelig fordi eg ikkje visste kva som var gale. Kroppen svikta, eg hadde ikkje overskot til å trene hest kvar dag, hjelpe til heime, eller gjere kjekke ting. Etter kvart begynte det å gå ut over meg meir og meir, og eg slutta å gjere forskjellige ting.
Hausten 2020 var eg på utredning i Førde på Barneavdelinga for ME. I lag med pappa budde vi der i 4 dagar, og eg fekk timeplan med alle undersøkelsane eg skulle gjennom kvar dag. Det er slik ME diagnosen blir avslørt. Det går ikkje ann å ta ein test eller ei blodprøve og få det bekrefta. Heile kroppen skal sjekkast for alt anna, og først då kan du få diagnosen.
Etter utredninga i Førde blei eg gradvis mykje verre. Frå september til desember gjekk eg frå å gå halve dagar på skulen, til å ikkje vere der i det heile. Tre månadar låg eg inne med gardinene for, då eg blei sliten av sterkt lys. Mamma måtte vaske håret mitt for meg annankvar veke, og ein sjeldan gang kom eg meg ut på trappa der pappa hadde henta ponniane. Mine to aller høgst elska firbeinte, Josita og Vårild. Dei gav enorm glede, samtidig sorg, sidan eg ikkje såg dei kvar dag lenger. Til tross for dette veit eg at dei visste eg var sjuk, slik at dei alltid var der med ein varm klem og berre tid.
Når du er vinter elsker, og får den finaste, lengste, kalde vinteren, medan du er sengeliggande inne.
Dei aller kjæraste eg hadde i den perioden. Josita og Vårild.
Visste du at en må kle på seg ekstreme mengder når en berre sit i ro ute på vinteren? ;)
Min sjelevenn, Josita forlot oss alle, då ho plutseleg fekk problem med pusten. Ho døde heilt sjølv i februar 2025.
Litt vemodig å tenke på at eg har trent Vårild aleine sidan ho var fødd. Til å bli min rullestol seinare i livet. Og ein skikkelig bra ein.
Eg fekk ME diagnosen i januar 2021, det gjekk ganske raskt frå eg blei dårleg til den var satt. Vanlegvis er pasientar sjuke i mange år før dei kanskje får diagnose. Det vil seie at eg kunne kjapt begynne å lære korleis eg skulle leve med den, og handtere den. I tillegg hadde eg fått en alvorleg angst som gjorde alt verre, og eg kunne ikkje jobbe for mykje med angsten, då blei ME-en verre. Og omvendt.
Heldigvis med god help av helsesjukepleiarar, BUP, skulen, legen, hestane, katten, klassa mi, vennane mine, og ikkje minst Mamma, Pappa, og lillebror, så fekk eg fort snu både helsa og angsten. Eg jobbar med det kvar dag, men no er ME-en ganske stabil og eg kan leve godt med begge deler. Heilt i starten av dette her, vart FunnyFjording til. FunnyFjording er for å gi glede til alle.
Der det starta var å holde gleden i meg sjølv. Eg håpar no at eg og FunnyFjording kan gi litt glede i en ellers trasig verden, til alle der ute som vil ta i mot. <3